Ei oppleving for livet av Kathrine Vadøy

Kathrine deler sine erfaringer fra EUPATIs pasientekspertutdanning (EUPATI Fellow). 

“Graduation” i Madrid: Det var emosjonelt. Eg trur vi alle blei overraska over kor emosjonelt det var. Å stå der framfor alle å få vitnemålet etter nesten eitt år med harde studiar og fire intense dagar med trening, føltest som ein stor prestasjon. Eg følte meg stolt og takknemleg, og det gjer eg framleis!

EUPATI pasientekspert-utdanninga er eit utfordrande studium. For meg hjalp det mykje at eg følte at EUPATI-teamet og lærarane trudde på oss. Så må eg takke kollegaane mine, venner og familie som ikkje berre trudde på meg, men dei støtta meg og hjalp meg med å gjere det mogleg å fullføre utdanninga. Også takk til pasientorganisasjonen min Landsforeningen Kvinnelig Bekkenleddhelse (LKB) og Ryggforeningen.

“Education that empowers”

“Education that empowers” er slagordet til EUPATI og utdanninga har verkeleg trygga meg på kor viktig bidraget vårt som brukarar, pasientar og pårørande er. Ikkje minst har utdanninga gitt meg ressursane og verktyga eg treng for å bidra til betre brukarmedvirking. I utdanninga får du blant anna øving i å sette deg inn i mykje og vanskeleg stoff på kort tid. Slik det også ofte kan vere i røyndommen når du er brukarmedverkar på eit prosjekt. Særs i Madrid kor det var mykje gruppearbeid, fekk vi øve på å leite etter det som manglar eller kan bli betre i eit klinisk studie eller forsking.

Å ta EUPATI pasientekspert-utdanninga og no vere EUPATI Fellow har allereie gitt meg moglegheit til å heve pasientengasjementet i pågåande prosjekt. Eg ser no fram til å forelese og skrive artiklar for pasientrepresentantar, forskarar og klinikarar om korleis vi kan bidra til betre pasientinvolvering i prosjekt i framtida. Ikkje minst gler eg meg til å bli ein endå betre brukarmedvirkar i dei prosjekta eg bidrar i. Og eg vil heilt klart bruke det eg har lært i EUPATI-utdanninga.